Oppdrag 1: Her bur mini-Kong(l)en

Gjennom filmen har me vorte kjende med Skogens Kong(l)e (Håvard Lilleheie)
som undrast og undersøkjer korleis eit tre verkar. Tenk dykk følgjande:

Mini-Kong(l)en har komme på besøk til skogen deira like ved skulen. Han er ikkje lett å sjå,
for mini-Kong(l)en er berre nokre centimeter høg og sit høgt oppe på ei grein.
Han slår ut med armane og seier: – Denne skogen vil eg passa på ei stund!
Det er berre eit problem. Mini-Kong(l)en har ikkje nokon stad å bu. De må ut og hjelpa han!

Gå ut i skogen og leit etter ein fin stad der mini-Kong(l)en Håvard kan busetja seg. Bruk blad, pinnar,
kongler og andre materiale de finn og lag ein bustad til han. Mini-Kong(l)en treng eit hus og ønskjer
seg ein hage der han kan leika og slappa av.

Klikk her for ein utskriftsvennleg PDF-fil av Oppdraga

Kompetansemål

Norsk

  1. trinn
  • uttrykke tekstopplevingar
    gjennom leik, song, teikning,
    skriving og andre kreative
    aktivitetar
  1. trinn
  • utforske og formidle tekster
    gjennom samtale, skriving, leik,
    rørsler og andre kreative uttrykk

Naturfag

  1. trinn
  • utforske og skildre observerbare
    eigenskapar til ulike objekt,
    materiale og stoffer og sortere
    etter eigenskapar
  1. trinn
  • designe og lage et produkt
    basert på ein kravspesifikasjon

Kunst og handtverk

  1. trinn
  • planlegge og konstruere i
    naturmaterialer etter inspirasjon
    fra samisk og lokal byggeskikk
  1. trinn
  • gjennomføre kunst- og
    designprosesser ved å søke
    inspirasjon, utforske
    mogelegheiter, gjere val og lage
    eigne produkt
  1. trinn
  • bygge og eksperimentere
    med stabile konstruksjonar

Ressurser:

Naturens mangfold – Lære med Skogen

Oppdrag 2: Bladforma til trea

I Noreg veks det rundt 30 ulike treslag. Besøk nærskogen/parken og sjå på alle trea som lev der. Bruk bladkartet og sjå om du finn tre med dei ulike forma på blada.

  • Sorter alle blada som klassen har samla etter forma på blada.
  • Finn talet av blad med same form.
  • Rekn ut andelane av blad med same form i brøk eller prosent.
  • Lag statistikk som viser resultata i til dømes søylediagram eller kakediagram.
  • Finn også ut kva artar blada er henta frå.
  • Lag til slutt ein plakat eller liknande som viser resultatet av arbeidet, gjerne med ein kreativ vri.

Kompetansemål

Matematikk

  1. trinn
  • ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar,
    samanlikne dei og reflektere over om dei kan
    ordnast på fleire måtar
  • utforske, teikne og beskrive geometriske figurar
    frå  sitt eige nærmiljø og argumentere for måtar
    å sortere dei på etter eigenskapar
  1. trinn
  • lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og
    finne praktiske situasjonar som passar til
    oppgitte rekneuttrykk
  1. trinn
  • representere brøkar på ulike måtar og omsetje
    mellom dei ulike representasjonane
  1. trinn
  • logge, sortere, presentere og lese data i tabellar
    og diagram og grunngi valet av framstilling
  • representere og bruke brøk, desimaltal og prosent
    på ulike måtar og utforske dei matematiske samanhengane mellom desse representasjonsformene

Naturfag

  1. trinn
  • presentere funna sine og skildre korleis
    eleven har komme fram til dei
  • utforske og skildre observerbare egenskaper
    til ulikeobjekter, materialer og stoffer og sortere
    etter egenskaper
  1. trinn
  • bruke tabeller og figurar til å organisere data, lage
    forklaringar basert på data og presentere funn

Kunst og handtverk

  1. trinn
  • vise fram og presentere objekt gjennom
    utstilling eller samling
  1. trinn
  • formidle og vise fram eige arbeid gjennom utstilling 

Ressurser:

Treslag – Lære med Skogen

PLAKATER: Trær i Norge – Lære med Skogen

Tegninger og skjemaer til bruk i undervisningen – Lære med Skogen

Oppdrag 3: Treet fortel

Besøk nærskogen eller ein park. Finn eit tre som du synast er spennande eller fint å sjå på. Gå ein runde i området rundt treet og leit etter spor av menneskers ferdsel.

  • Tenk deg at dette treet og dei næraste trea rundt, får forteljarstemme. Dei snakkar saman
    om ei hending, som dei har opplevd med menneske og friluftsliv.
  • Teikn eller ta eit bilete av trea.
  • Skriv forteljinga og set den inn i snakkeboble(r) på teikninga (eller fotografiet).
  • Presenter biletet og forteljinga for dei andre i klassen og gjennomfør ei avstemming
    på kva historie som skal representera klassen.

Kompetansemål

Norsk

  1. trinn
  • skildre og fortelje munnleg og
    skriftleg
  • skrive tekstar for hand og med
    tastatur
  • bruke store og små bokstavar,
    puntum, spørsmålsteikne og
    utropsteikn i tekstar og samtale
    om eigen og andres tekstar
  • lage tekstar som kombinerar
    skrift med bileter
  1. trinn
  • skildre, fortelje og argumentere
    munnleg og skriftleg og bruke
    språket på kreative måtar.
  • skrive tekstar med funksjonell
    handskrift og med tastatur
  1. trinn
  • skrive tekstar med funksjonell
    handskrift og med flyt på
    tastatur
  • skildre, fortelje, argumentere
    og reflektere i ulike munnlege
    og skriftlege sjangrar og for
    ulike føremål
  • skrive tekster med tydelig
    struktur og mestre sentrale
    regler for rettskriving, ordbøying
    og tegnsetting
  • leike med språket og prøve
    ut ulike verkemidlar og
    framstillingsmåtar i munnlege
    og skriftlege tekstar

Kunst og handtverk

  1. trinn
  • studere form gjennom å teikne,
    måle og fotografere
  1. trinn
  • teikne form, flate og rom ved
    hjelp av verkemidlar som
    kontrastar, skugge, proporsjoner
    og perspektiv

Ressurser:

Skog på timeplanen | Treets dagbok

Treslag – Lære med Skogen

Ledig tid? Vi har laget en quiz basert på filmen som klassen kan løse hvis dere ønsker. Dette er helt valgfritt og ikke en del av oppdraget.
NB! Skal ikke leveres inn.

Klikk her for nedlastbar PDF-fil av Quizen

Om arrangørene:

Arrangør er Skogselskapet i samarbeid med Skogkurs, som har lang erfaring med å lage oppgaver og skoleskogdager for grunnskolen.

Har du spørsmål, kontakt oss på kongle@skogselskapet.no

Kong(l)e for en dag er sponset av Sparebankstiftelsen DNB, og er gratis for skolene å delta på. Sparebankstiftelsen DNB støtter både lokale tiltak og nasjonale initiativer i Norge. Siden 2002 har vi bidratt med over 10 milliarder kroner til allmennyttige formål.

Premien er sponset av Høyt og Lavt klatreparker og Brusletto.